Hafslo barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 229 elevar og 50 tilsette. Skulen ligg vakkert plassert ved Hafslovatnet i Hafslo sentrum som ligg 15 min frå kommunesenteret Gaupne og 15 min frå regionsenteret Sogndal Skulen held til i fire ulike bygningar. Dei fleste av dei har god standard, med lyse trivelege rom og godt inneklima som gjev ei god råme rundt det daglege arbeidet til elevar og tilsette.